Isfahan-provinsen (farsi استان اصفهان, Ostān-e Esfahan), òg skrive Esfahan, Espahan, Isfahan eller Isphahan, er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg sentralt i landet i Region 2.[2] Provinshovudstaden er Isfahan.
Geografi
Isfahan-provinsen dekkjer eit område på kring 107 027 kvadratkilometer og ligg sentralt i Iran. I nord ligg Markazi, Qom og Semnan. I sør grensar provinsen til Fars og Kohkiluyeh og Buyer Ahmad. Aminabad er den sørlegaste byen i Isfahan, berre 2 km nord for grensa. I aust grensar han til provinsen Yazd. I vest grensar provinsen til Luristan og i sørvest til provinsen Chahar Mahal og Bakhtiyari.
Provinsen har eit moderat og tørt klima med temperaturar som varierer mellom kring 40 og 10 °C. Årsmiddeltemperaturen er 16,7 °C og årsmiddelnedbøren er 116,9 mm.
Med ei høgd på 4 040 meter over havet er Shahankuh den høgaste toppen i Isfahan-provinsen. Fjellet ligg kring 20 km sørvest for byen Fereydunshahr vest i Isfahan-provinsen.