Han var professor ved universitetet i Moskva frå 1938. Han var ein av dei leiande astrofysikarane på 1900-talet med eit særs breitt arbeidsfelt, som ionosfæren til jorda, koronaen til sola, supernovaer og kvasarar. Fleire av bøkene hans er omsett til engelsk som Cosmic Radio Waves (1960), Supernovae (1968), Stars, Their Birth, Life and Death (1978) og saman med Carl SaganIntelligent Life in the Universe (siste utgåve 1978).
Kjelder
«Iosif S. Sjklovskij», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014