Inveraray er ein by i regionen Argyll and Bute i Skottland. Han har kring 500 innbyggjarar. Byen ligg nesten inst i Loch Fyne på vestkysten av Skottland. Inveraray vart bygt på midten av 1700-talet av den tredje Hertugen av Argyll, overhovudet i den mektige Campbell-klanen. Heimen til Campbell-hertugane av Argyll, Inveraray Castle, ligg rett utanfor byen. Den største attraksjonen i tillegg til slottet er det no nedlagde fengselet midt i byen.
Kjelder