International Trucks er ein lastebil- og bussprodusent i USA som er eigd av Navistar International Corporation. Føretaket var ein del av International Harvester, men då International Harvester gjekk konkurs i 1985 vart lastebilavdelinga skild ut som eit eige føretak og i 1986 vart namnet endra til Navistar International Corporation. Navistar tok over tredjedel av skulebussprodusenten AmTran i 1991 og resten i 1995. I 2002 vart namnet på AmTran endre til Integrated Coach.