Intelligent Music Project |
|
|
Aktiv | 2012– |
---|
Sjanger | rock |
Intelligent Music Project er ei bulgarsk supergruppe som vart skipa i 2012 av den bulgarske forretningsmannen Milen Vrabevski. Ei rekkje profesjonelle musikarar har vore tilknytta gruppa, og i 2022 representerte bandet Bulgaria i Eurovision Song Contest med songen «Intention».
Historie
Intelligent Music Project vart skipa av forretningsmannen Milen Vrabevski og har bestått av artistar og songarar som Simon Phillips, John Payne, Carl Sentance, Bobby Rondinelli og Todd Sucherman. Bandet slapp debutalbumet sitt i 2012 og har sidan både turnert og gjeve ut ny musikk.[1] Noverande vokalist i bandet er den chilenske rockesongaren Ronnie Romero.[2][3]
I november 2021 kunngjorde Bulgarias nasjonale televisjon (BNT) at dei hadde vald Intelligent Music Project til å representere Bulgaria i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Deira bidrag, «Intention» vart sloppe 5. november 2021, som det fyrste bidraget i 2022-tevlinga til å bli offentleggjort.[4] Bandet enda nest sist i sin semifinale og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen i Eurovision Song Contest 2022.[5]
Intelligent Music Project bestod vinteren 2022 av vokalist Ronnie Romero, Biser Ivanov, Slavin Slavtsjev, Ivo Stefanov, Dimitǎr Sirakov og Stojan Jankulov. Sistnemnde har tidlegare representert Bulgaria to gongar i Eurovision Song Contest: i 2007 og 2013.[6]
Besetning
Medlemmar per desember 2022:[7]
- Ronnie Romero – vokal
- Borislav Mudolov-Kosatkata – vokal
- Biser Ivanov – gitar
- Slavin Slavtsjev – støttevokal
- Lina Slavtsjev – søttevokal
- Ivo Stefanov – keyboard
- Samuil Eftimov – keyboard
- Dimitǎr Sirakov – bass
- Stojan Jankulov – slagverk
Diskografi
Studioalbum
- 2012 – The Power of Mind
- 2014 – My Kind o' Lovin'
- 2015 – Touching the Divine
- 2018 – Sorcery Inside
- 2020 – Life Motion
- 2021 – The Creation
- 2022 – Unconditioned
Singlar
- 2020 – «Every Time»
- 2020 – «I Know»
- 2021 – «Listen»
- 2021 – «Sometimes & Yesterdays That Mattered»
- 2021 – «Intention»
- 2022 – «New Hero»
Kjelder