Ingrid Kristiansen (fødd Ingrid Christensen, 21. mars 1956 i Trondheim) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar. Ho var i andre halvdel av 1980-åra den fremste langdistanseløparen i verda. Ho vart verdsmeister på 10 000 meter i 1987, og sette fem verdsrekordar på bane i karrieren. I mange år hadde ho òg beste tid på maratondistansen (2.21.06) i verda.
Det er maratonløpar at ho er best kjend, med sigrar i ei rekkje prestisjetunge løp, som i New York, Chicago, Boston og London.
Kristiansen var òg ein god langrennsløpar. Ho vart europameister i stafett for junior i 1974, og vann åtte NM i stafett.
Meritt i utval
- EM-gull på 10 000 meter 1986
- VM-gull på 10 000 meter 1987
- EM-bronse i maraton 1992
- 5 verdsrekordar i baneløp (5000/10 000 meter)
- Kongepokalen 1984-85
- 24 individuelle noregsmeisterskap i friidrett
Ho vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1986 og Egebergs Ærespris i 1990.
Personlege bestetider
Distanse
|
Tid
|
Dato
|
Stad
|
3000 m |
8:34.10 |
13 august 1986 |
Zurich
|
5000m |
14:37.33 |
5 august 1986 |
Stockholm
|
10000 m |
30:13.74 |
5 juli 1986 |
Oslo
|
10 km (landeveg) |
30:59 |
9 april 1989 |
Boston
|
15 km (landeveg) |
47:17 |
21 november 1987 |
Monaco
|
Halvmaraton |
1:06:40 |
19 march 1987 |
Sandnes
|
Maraton |
2:21:06 |
21 april 1985 |
London
|