Ingrid Kristin Dokka (fødd 11. mars 1961) er ein norsk skribent, filmhistorikar og regissør.
Dokka er utdanna ved UiO, med hovudfag i medium og kommunikasjon (1993).[1][2] Ho har arbeidd med film og filmdistribusjon ved Norsk filminstitutt og som filmkonsulent ved Nordnorsk filmsenter.[3] I 2020 gjekk Dokka frå Nordnorsk filmsenter i Tromsø til Kristiansand, der ho vart leiar for Sørnorsk filmsenter.[3] Ho er æresmedlem av Norsk filmkritikerlag[4] og har blant anna skrive for Klassekampen og Filmtidsskriftet Z. Ho sat i juryen ved utdeling av den internasjonale filmprisen Human Rights Human Wrongs under HUMAN internasjonale dokumentarfilmfestival i 2019.[1][5]
Dokka debuterte som regissør med dokumentarfilmen Line D.Pedersen - portrett av ei kvinne (1986/7). Deretter laga ho dokumentarfilmane Ingen rød løper (1989) og i samarbeid med Jan Åsmund Jakobsen og Olaf Storø Isbjørn i magen – ild i hjertet (2009).[6] I 2015 kom filmen Hjerte i jazzen, som ho laga saman med Jørn Stenersen og Hans Morten Wærp.[7]
Filmografi
- 1986: Line D.Pedersen-portrett av en kvinne
- 1988: Ingen rød løper
- 2009: Isbjørn i magen-ild i hjertet
- 2015: Hjerte i jazzen
Publikasjonar
- 2001 Jeg ser alt i bilder. Norsk filminstitutt.
- 2014 Signatur. Akademisk fagforlag.
- 2015 Visions of Sápmi. Arthub Publisher.
- 2015 100 kvinner. Museumsforlaget.
- 2015 Ta det som en mann, da frue. Emila forlag.
Kjelder