«I Want Your Love» er ein song av Eduard Romanyuta.[1] Han er skriven av Erik Lewander, Hayley Aitken og Tom Andrews.[1]
Eurovision
O Melodie Pentru Europa 2015
«I Want Your Love» deltok i O Melodie Pentru Europa 2015, den moldovske uttakinga til Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, og vart framført på engelsk av Eduard Romanyuta. Bidraget vann den fyrste semifinalen med 19 poeng, og gjekk vidare til finalen, der det gjekk sigrande ut med 22 poeng samt retten til å representere Moldova i Eurovision Song Contest 2015.
Eurovision Song Contest
Moldova vart representert av «I Want Your Love», som vann 'O Melodie Pentru Europa 2015. Bidraget vart framført på engelsk av Eduard Romanyuta. Moldova deltok i den fyrste semifinalen og enda på ellevteplass med 41 poeng; 10 frå Georgia, åtte frå Romania, seks frå Armenia, fem frå Kviterussland, Makedonia og Serbia og to frå Albania.[1] Bidraget gjekk ikkje vidare til finalen. Hadde ein berre brukt telefonrøyster hadde bidraget enda på tolvteplass med 48 poeng, og hadde ein berre brukt juryrøyster hadde bidraget enda på 14. plass med 46 poeng.[2]
Fotnotar