«I've Been Waiting for This Night» (norsk 'eg har venta på denne natta/kvelden') er ein song frå 2016 med den litauiske artisten Donny Montell. Songen vann den litauiske songtevlinga "Eurovizijos" dainų konkurso nacionalinė atranka og var det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm.
Om songen
Songen er skriven av Jonas Thander og Beatrice Robertsson. «I've Been Waiting for This Night» blei plukka ut til å delta i songtevlinga til den litauiske kringkasteren LRT televizija Eurovizijos dainų konkurso nacionalinė atranka.[1] Artisten Donny Montell blei vald til å framføre han. Etter fleire innleiande runder og semifinalar tok songen seg til finalen 12. februar 2016. Der vann han og blei dimed det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2016.[2][3]
Eurovision Song Contest
I januar 2016 blei Litauen trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest.[4] Semifinalen blei arrangert i Globen i Sverige torsdag 12. mai, og Litauen hadde startnummer 9.[5] «I've Been Waiting for This Night» blei blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 14. mai.[6] I finalen blei songen nummer 9 av 26 bidrag.[7]
Listeplasseringar
Kjelder