Lou Reed skreiv songen for Nico, som song solovokal. I følgje biografen Victor Bockris, kom inspirasjonen til songen etter at Nico kom til Reed etter ein konsert i 1965 og sa «Åh Lou, eg skal vere spegelen din.»[2] Songen var ein av favorittsongane til Reed og lydteknikaren på The Velvet Underground & Nico, Norman Dolph.[3]
Mark Deming i AllMusic skildra «I'll Be Your Mirror» som ein «undervurdert kjærleikssong.»[4]