Hunter Stockton Thompson (18. juli 1937–20. februar 2005) var ein USA-amerikansk journalist og forfattar.
Thompson vart kjend for sin fargerike forteljarstil, særleg brukt i Fear and Loathing in Las Vegas, ein serie reportasjar som viska ut skilja mellom forfattar og subjekt, fakta og fiksjon. Boka kom ut i 1971. Stilen vart kjend som gonzo-journalistikk.
Thompson tok sitt eige liv i heimen i Woody Creek i delstaten Colorado, 67 år gammal.
Fear and Loathing in Las Vegas er filmatisert to gongar. Fyrst av Terry Gilliam i ein film frå 1998, og sidan i 2011 som Rum Diary. Johnny Depp har hovudroller i begge produksjonane.
Kjelder