Hugo-André Hansen (fødd 1. august 1967) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Vega. Han var Bryne-spelar i periodane 1985-88 og 1992-94. I mellomtida var han Molde-spelar 1989-90 og Rosenborg-spelar i 1991. Hansen, som vanlegvis spelte sideback, vart cupmeister med Bryne FK i 1987 og tapande cupfinalist med Molde FK i 1989. I tida 1986-90 spelte han 14 landskampar i forsvarsrekka til det norske landslaget.
Han er far til fotballspelarane Cato og Hege Hansen.
Merittar
- Noregsmeister: 1987 med Bryne FK
- NM-sølv: 1989 med Molde FK
Kjelder