Huancavelica-regionen er ein region sentralt i Peru. Han har grenser mot Lima-regionen og Ica-regionen i vest, mot Junín i nord og mot Ayacucho i aust.
Huancavelica-regionen er på 22 125 km² og hadde omtrent 350 000 innbyggjarar i 2017. Regionhovudstaden er Huancavelica.
Politisk inndeling
Regionen er delt inn i sju provinsar som igjen er delt inn i til saman 94 distrikt. Liste av namn på provinsane med provinshovudstadnamn i parentes:
- Acobamba (Acobamba)
- Angaraes (Lircay)
- Castrovirreyna (Castrovirreyna)
- Churcampa (Churcampa)
- Huancavelica (Huancavelica)
- Huaytara (Huaytara)
- Tayacaja (Pampas)
Kjelder
Bakgrunnsstoff