Hotep Idris Galeta |
|
Fødd | 7. juni 1941(1941-06-07) |
---|
Fødestad | Crawford i Cape Town i Sør-Afrika |
---|
Død | 3. november 2010 (69 år) |
---|
Dødsstad | Johannesburg i Sør-Afrika |
---|
Fødenamn | Cecil Galeta |
---|
Opphav | Sør-Afrika |
---|
Aktiv | 1955–2010 |
---|
Sjanger | Sørafrikansk jazz, bebop, postbop, folk |
---|
Instrument | Piano |
---|
Tilknytte artistar | Herb Alpert, John Handy, Bobby Hutcherson, Elvin Jones, Hugh Masekela, Jackie McLean, Mario Pavone, Joshua Redman, Archie Shepp, Caiphus Semenya |
---|
Verka som | Pianist, komponist, bandleiar |
Hotep Idris Galeta (7. juni 1941–3. november 2010)[1] var ein sørafrikansk jazzpianist og lærar. Fødenamnet hans var Cecil Galeta, men etter ein lokal skikk vart han i barndommen og som ung mann kalla Cecil Barnard, der fornamnet til faren vart nytta som etternamn.
Etter å ha spelt med somme av dei beste jazzmusikarane i Sør-Afrika i tenåra, drog han i 1961 til Storbritannia som følgje av apartheid. Seinare drog han til USA der han spelte med Herb Alpert, John Handy, Bobby Hutcherson, Elvin Jones, Hugh Masekela, Jackie McLean, Mario Pavone, Joshua Redman og Archie Shepp. Utafor jazz spelte han òg med David Crosby og The Byrds. Etter apartheid kollapsa drog han attende til Sør-Afrika i 1991, der han mellom anna arbeidde som lærar.[2]
Galeta døydde i 2010 etter eit astmaanfall.
Diskografi
Med John Handy
Kjelder