33°18′27″N 118°42′36″E / 33.30750°N 118.71000°E / 33.30750; 118.71000
Hongze (kinesisk skrift 洪泽湖, pinyin Hóngzé Hú) er ein 1 960 km² stor innsjø i provinsen Jiangsu i Folkerepublikken Kina. Byane Suqian og Huai'an ligg ved innsjøen.
Hongze er den fjerde største ferskvassjøen i Kina. Han er i vår tid fire gongar større enn på 1100-talet då Huang He endra løp. Ei omfattande sedimentering av elveslam blokkerte då elva Huai He sitt løp slik at vatnet vart leia mot Hongze. Også ein storflaum i Huang He i 1680 bidrog til at innsjøen voks.
Bakgrunnsstoff
Kjelder