Hindenburglina

Hindenburglina ved Bullecourt.

Hindenburglina (tysk: Siegfriedstellung) var eit vidfemnande forsvarsverk i det nordaustlege Frankrike under den fyrste verdskrigen. Ho vart bygd opp av tyskarane i laupet av vinteren 1916-1917. Lina strekte seg om lag 480 km (300 miles).

Avgjerda om å byggja lina vart teken av generalane Paul von Hindenburg og Erich Ludendorff under det siste belet av slaget ved Somme. Lina vart bygd gjennom ei tysk lomme i frontlina, slik at tilbakedraginga til Hindenburglina stytte den tyske frontlina med rundt 48 km (30 miles). Det førte til at tyskarane kunne frigjera 10 divisjonar. Tilbakedraginga til lina byrja i februar 1917 og under tilbakedraginga nytta dei tyske styrkane seg av den brende jords taktikk.

Dei allierte meinte at lina var ugjennomtrengjeleg, men ho vart broten av britiske styrkar under slaget ved Cambrai i 1917.

Kjelder

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!