Hildegunn Dale
|
|
Nasjonalitet |
Norsk
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
12. november 1974 (50 år)
|
Yrke |
Forfattar
|
Periode |
2003-
|
Debut |
Solkant
|
Hildegunn Dale (fødd 12. november 1974)[1] er ein norsk forfattar og redaktør frå Modalen.[2]
Ho debuterte i 2003 med diktsamlinga Solkant.[2]
Dale har mastergrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen og har studert kunsthistorie og samfunnsfag. Ho har også utdanning i grafisk design frå MI i Oslo og har gått årsstudiet ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.[3]
Ho bur på Misje[4] og er redaktør for Samlaget sin gjendiktingserie av omsett klassisk og moderne poesi.[2]
Bøker
- 2003 – Solkant – Diktsamling
- 2004 – Elvedraumar – Diktsamling
- 2006 – See, say and sea – Diktsamling
- 2007 – Skugge under Grønskarvet – Barnebok
- 2008 – Fjell-øygarden – Poesi
- 2011 – Armane mine handlingar – Diktsamling
Referansar
Bakgrunnsstoff