Hilde Fenne (fødd 12. mai 1993) er ein norsk skiskyttar frå Voss. Ho var med på Noregs lag som vann kvinnestafetten i VM i skiskyting 2013. Skiskyttarane Gisle Fenne og Helga Øvsthus er foreldra hennar.
Fenne var med på det norske laget som vann verdscup-stafetten i Hochfilzen 9. desember 2012. Trass i at ho ikkje hadde betre enn ein 28. plass i verdscuprenn å vise til, fekk ho gå startetappen for Noreg i 4 x 6 km stafett under VM i skiskyting 2013 i Nové Město na Moravě i Tsjekkia. På ståande skyting pådrog ho seg ein strafferunde, men framifrå etappar av lagvenninnene Ann Kristin Flatland, Synnøve Solemdal og Tora Berger sikra ein norsk gullmedalje.
Individuelt har ikkje Fenne lukkast å hevde seg mot verdseliten i skiskyting. Ein åttandeplass på jaktstarten i Pokljuka i desember 2015 er hennar beste plassing i verdscupen i skiskyting.
Kjelder