Henry Valen (20. mai 1924–27. januar 2007) var ein norsk statsvitar. Valen var mag.art. frå 1954, og dr. philos frå 1966 ved Universitetet i Oslo. Han var professor same staden frå 1970. Valen har ytt mykje til forståinga av val, folkemeining og representasjon. Han var vitskapleg assistent for Stein Rokkan.
I 1998 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.