Henry Jenner (8. august 1848–8. mai 1934) var ein keltolog og cornisk aktivist, og hovudpersonen attom revitaliseringa av kornisk.
Bakgrunn
Jenner vart fødd i St. Columb i Cornwall som son av Henry Lascelles Jenner. I 1871 fekk Jenner ein post i The Department of Ancient Manuscripts i British Museum.
Arbeid for kornisk
I 1875 heldt Jenner eit foredrag i The Philological Society i London, temaet var manx. Neste år heldt han eit foredrag om kornisk. I 1877 oppdaga han førtito liner av eit mellomalder skodespel i kornisk frå ca. 1450.
I 1903 danna Jenner den første korniske språkorganisasjonen, Cowethas Kelto-Kernuak. Året etter søkte han på vegne av Cornwall om medlemskap i The Celtic Congress. Kort tid etterpå publiserte han den svært viktige boka Handbook of the Cornish Language, denne boka danna grunnlaget for den korniske revitaliseringa. Boka inneheld ei oversikt over den korniske litteraturen, ei uttalerettleiing og ein grammatikk. Det korniske språket i handboka var basert på språket i dei vestre delane av Cornwall på 1700-talet, til skilnad frå normalen til eleven hans, Robert Morton Nance, som seinare kom til å danne ein ny normal basert på mellomalderkornisk.
Livsmottoet sitt oppsummerte Jenner slik : «The whole object of my life has been to inculcate into Cornish people a sense of their Cornishness.»
Bibliografi
- Jenner, Henry 1904: A handbook of the Cornish language : chiefly in its latest stages with some account of its history and literature. London : D. Nutt (opptrykk: New York : AMS Press, [1982])
Kjelder
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |
Bakgrunnsstoff
- Litteratur
- Nettstader