Henry Irving (fødd John Henry Brodribb 6. februar 1838–13. oktober 1905) var ein britisk sceneskodespelar frå viktoriatida. Han var kjend som ein skodespelar-manager fordi han tok det fulle ansvaret (tilsyn med settet, lyssetting, regi, rollebesetjing og dessutan spele hovudrolla) sesong etter sesong ved Lyceum Theatre, som etablerte han sjølv og ensemblet hans som representative for engelsk klassisk teater. Han var den fyrste skodespelaren til å bli adla. Bram Stoker arbeidde for Irving ei tid, og skal ha brukt han som inspirasjon til tittelfiguren i romanen Dracula.[1]
Kjelder