Henry Eliot Amdal[1] (10. april 1921–14. september 1993) var ein norsk skihoppar som tevla for Brumunddal Idrettslag. Han vart noregsmeister i 1947.
Amdal vann gullmedaljen under noregsmeisterskapen 1947 i Tistedal, 0,7 poeng føre Thorleif Schjelderup med Birger Ruud på bronseplass.[2][3][4] I den same sesongen kom han på andreplass både i Svenska skidspelen i Sundsvall og i Holmenkollrennet. Landsmennene Arne Hoel og Georg Thrane vann i høvesvis Sundsvall og i Holmenkollen.[4][5]
Kjelder