Harry Söderman (1902–1956) var ein svensk politimann og politisjef.
Kallnamnet hans var «Revolver-Harry». Han var sjef for Statens Kriminaltekniska Anstalt (SKA) i Sverige frå 1939 til 1953.
Han tok del i oppbygginga av norske politistyrkar i Sverige under den andre verdskrigen.
Mot slutten av krigen, i mai 1945, tok han seg inn i Noreg. Den 7. mai kom han seg inn i Grini fangeleir, ved å fortelja at han hadde fullmakt til å gje fangane fri. Sjølv om dette var dagen før Nazi-Tyskland kapitulerte, lukkast han i å fortelja fangane at Tyskland hadde kapitulert.
Han forsøkte òg å kome inn på Slottet, men vart avvist, då han ikkje kunne legitimere seg.
Litteratur
- Anders Johansson: Den Glömda Armén - Norge-Sverige 1939-1945
Bakgrunnsstoff