Harry Potter og Fangen fra Azkaban er ein roman av J.K. Rowling som kom ut i 1999. Det er den tredje boka i serien om trollmannen Harry Potter. Den norske omsetjinga (av Torstein Bugge Høverstad) kom året etter den engelske utgjevinga.
Utgjeving og tilbakemeldingar
Kritikk
Boka fekk for det meste god kritikk.[treng kjelde]
Anthony Holden var veldig negativ om boka. Han var ein av dommerane i Whitbread Award, og var mot at Fangen av Azkaban skulle få prisen. Holden kalla boka kjedeleg og dårleg skriven. Han meinte òg at karakterane var veldig flate og handlinga forutseieleg.[treng kjelde]
Sal
Berre to dagar etter at Fangen fra Azkaban kom ut, hadde boka selt meir enn 68 000 eksemplar i Storbritannia.
Utgåver
Harry Potter og fangen fra Azkaban blei gjeven ut i innbunden form i Storbritannia 8.juli 1999 og i USA 8. september same år. Den britiske pocket-utgåva blei gjeven ut 1. april 2000, medan den amerikanske pocket-utgåva kom ut 2. oktober 2001.
Bloomsbury gav i tillegg ut ei vaksenutgåve av boka med eigen omslagsdesign. Ho kom ut i paperback på den 10 juli 2004 og innbunden i oktober 2004. Ei innbunden spesialutgåve, med ei grøn ramme og signatur på, kom ut 8. juli 1999.
Filmatiseringa av Harry Potter og fangen fra Azkaban kom ut i 2004 og blei regissert av Alfonso Cuarón etter eit manus av Steve Kloves. Filmen tente totalt 795 600 000 US-dollar på verdsbasis, noko som gjorde han til den nest mest innbringande filmen i 2004, etter Shrek 2.