Har Meron (hebraisk הר מירון, Har Meron; arabisk جبل الجرمق, Jabal al-Jarmaq)[1] er eit fjell i Israel. Det er viktig i jødisk religiøs tru og delar av det er ein del av eit naturreservat.
Med ei høgd på 1208 meter over havet, er Har Meron det høgaste punktet i Israel,[2] sjølv om mange fjell i Golanhøgdene er høgare.
Har Meron naturreservat
I 1965 vart eit 84 km² stort naturreservat oppretta. Det vart utvida med 1,199 km²i 2005.[3] Det er største og høgastliggande reservatet i Israel.[4]
Religiøs tyding
Landsbyen Meron og grava til rabbien Shimon bar Yochai ligg på Har Meron. I høve jubileet til dødsfallet hans på Lag B'Omer, samla tusenvis seg i fjellsida nær grava hans, og på sjølve Lag B'Omer.
Klima
Meron har eit middelhavsklima med varme og tørre somrar og fuktige, kjølige vintrar. Det snør nokre gonger kvart år på Meron. I snitt er det 22 dagar i året med temperaturar over 32 °C og 28 dagar med frost.