Steinmassane er særs harde, har stor sliteresistens, og ei spesifikk eigenvekt på 2,7 gram per cm³. Etter knusing er granulatforma nærast kubisk, noko som er ein særeigen eigenskap ved Halsvik-gneisen.[1]
Pukk frå Halsvik vert nytta i asfalt og betong, og tener som fundament under jernbaneliner og vegar. I 2005 skreiv Halsvik Aggregates kontrakt for levering av steinmassar til petrokjemiske anlegg og gassrøyrleidningar tilknytte Ormen Lange-utbygginga, og prosjektet på britisk sokkel.[2] Steinmassane vert nytta som «seng» og overdekning for røyrleidningar.
Hamneanlegget både i Gulen og i Kvalsund kan handtere skip på inntil 60 000 tonns bereevne, og har ei lasteevne på inntil 4 000 tonn per time. Ikkje langt frå Halsvik Aggregates ligg Vest Tank-anlegget.