Hagen Melzer
|
|
Statsborgarskap |
Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
|
Fødd |
16. juni 1959 (65 år) Bautzen
|
Idrett |
friidrett
|
Tok del i
|
athletics at the 1988 Summer Olympics – men's 3000 metres steeplechase, athletics at the 1992 Summer Olympics – men's 3000 metres steeplechase
|
Utmerkingar
|
Fedrelandets fortjenstorden i sølv
|
Hagen Melzer (fødd 16. juni 1959) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Bautzen i dåverande Aust-Tyskland. Han vart europameister 1986 i 3 000 meter hinder, året etter vann han sølvmedaljen i same øvinga i verdsmeisterskapen.
Aktiv
Melzer gjorde det kunststykket å få nøyaktig same tid i hinderløpet under EM 1982 og VM 1983, tida 8.21,33 gav fjerdeplass i EM og ellevteplass i VM. I den neste europameisterskapen, i Stuttgart i 1986, vann han spurten mot italienske Francesco Panetta og vesttyske Patriz Ilg. Året etter sprang Melzer i VM-finalen i Roma sitt beste hinderløp nokon gong og sette nasjonal rekord med tida 8.10,3, han var likevel sjanselaus mot nemnde Panetta, som tok gull og Melzer sølv.
Melzer vart austtysk meister i 3 000 meter hinder i 1980, 1983 og 1985-89. I 1991 vart han tysk meister i øvinga.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- EM 1982 i Aten: Nr 4 – 8.21,3
- VM 1983 i Helsinki: Nr 11 – 8.21,3
- EM 1986 i Stuttgart: Gullmedalje – 8.16,6, framom Francesco Panetta (8.16,8)
- VM 1987 i Roma: Sølvmedalje – 8.10,3, bakom Francesco Panetta (8.08,5)
- OL 1988 i Seoul: Nr 10 – 8.19,8
- EM 1990 i Split: Nr 7 – 8.22,4
Kjelder