Hadeland Glassverk vart lagt på grunn under garden Mo på Jevnaker ved sørenden av Randsfjorden i 1762. Produksjonen starta i 1765, noko som gjer verket til Noregs eldste industriforetak med kontinuerleg drift. På den tida fanst det ikkje tilstrekkeleg med norske arbeidarar, slik at ein måtte hente inn arbeidskraft frå utlandet, særleg frå Tyskland.
1765-1850-talet
På 1700-talet var produksjonen av glas sterkt regulert der ulike glasverk hadde monopol på produksjon av grønt glas, kvitt glas og glas til vindauge. I 1765 brann Ås grøne hytte på Sandsvær og produksjonen vart starta opp att på Hadeland. Mange av arbeidarane følgde med frå Sandsvær til Hadeland. Frå starten til midt i 1850-åra var produksjonen grønt glas som i hovudsak var flasker, apotekarglas, medisinglas og glas til hushaldningsbruk.
1850-talet til vår tid
I 1852 overtok Ole Chr. Berg som styrar av glasverket, og verket fekk ei stor utvikling under leiinga hans. Produksjonen vart lagt om til kvitt glas og krystall. Produkta omfatta småglas (vinglas), bollar, fat, blomsterglas, vasar og lampeglas. På 1800-talet nytta ein modellar av glas frå andre land i Europa.
I 1899 kom den første Krystallkatalog. I den finn ein den mest omfattande lanseringa av nye produkt som glasverket nokon gong har presentert. Mange av desse servisa vart produsert i mange tiår. Kjente service i denne katalogen er: Louise, Opera og Nansen. Den viktigaste designaren var Ragnvald Hansen.
Krigen representerer eit skilje ved at dei fleste av førkrigsmodellane ikkje vart ført vidare og mange nye modellar vart introdusert i den første katalogen etter krigen i 1948.
Kjente designarar i andre halvdel av 1900-talet er Severin Brørby og Arne Jon Jutrem.
I dag er mesteparten av glaset produsert utanlands, og med sine 190 tilsette representerer glasverket i dag ein bransje som gjennomgår stadig utvikling, med auka fokus på kostnadseffektiv produksjon og besøkstilbodet til bedrifta. Det er òg mogleg for gjestande glasblåsarar å lage sine eigne glas.
Ved glasverket er det ei omfattande samling av produksjonen gjennom tidene. Berre ein liten del er stilt ut.
Hadeland Glassverk A/S er i dag eit dotterselskap under CG Holding, som fokuserer på forretningsverksemd innanfor bransjen, råvarehandel, eigedom og investering.
I dag produserer glasverket kunstglas, vinseriar, barseriar, glasservise, studioglas, blomstervasar, suvenirar og julefigurar.
Produkt
Vinglasseriar
Hadeland har produsert mange seriar opp i gjennom tida. Her er lista opp dei som har vore presentert i meir enn 10 år i prislistene sortert etter introduksjonsår. Dei fleste seriane fekk ikkje så lang levetid.
1927-1940
Bernhard
Alexandra
Sigfried
Brynhild
Balder
Liss
Adolf
Østråt
Monogram
Røyne
Etter 1948
Arvid
Britt
Eilif
Eli
Frøydis
Ingrid
Rolf
Torill
Venus
Wenche
Rådhus
Betzy
Willy
Stein
Rex
Bente
Jonas
Jumbo
Ambassadør
Pierre
Elinor
Dinner
Kikki
Balder
Agathe
Tangen
Club