Høgskolen i Vestfold vart skipa i 1994, då tre statlege høgskolar i Horten og Tønsberg vart samanslegne som fylgje av Høgskulereforma det året. Frå 1994 til 2010 var høgskolen lokalisert både i Borre ved Horten og på Eik utanfor Tønsberg. Frå skulestart 2010 vart all verksemda lokalisert på Bakkenteigen i Borre. I tillegg dreiv HiVe eit studiesenter i Tollboden i Larvik med om lag 60 studentar.
Høgskolen tilbaud fag- og profesjonsstudie innan maritime fag, sjukepleie, ingeniør, samfunnsfagleg og pedagogisk utdanning, som kunne takast i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og enkelte doktorgradsprogram, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Organisasjon
Frå hausten 2010 var høgskolen inndelt i fire fakultet:
Fakultet for helsevitskap
Fakultet for humaniora og utdanningsvitenskap
Fakultet for teknologi og maritime fag
Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap
Høgskolen tilbaud mastergrader i:
barnehagepedagogikk og profesjonskunnskap
helsefremjande arbeid
mikrosystemteknologi
norskdidaktikk
pedagogikk
psykisk helsearbeid
tverrfagleg samfunnsvitskap
maritim leiing (Nordic Master in Maritime Management; NOMAR).
Høgskolen tilbaud også internasjonalisering av studia.