Øya er 3,9 km lang og 2 km brei og det høgaste punktet er The Glaidstone på 127 meter over havet. I klårvêr kan ein sjå nordover til Ben Lomond og Arrochar-Alpane. I vest kan ein sjå dei større øyane Bute og Arran,m edan ein på andre sida av Knapdale kan sjå Paps of Jura. Sørover ligg Ailsa Craig, rundt 40 km bortanfor Little Cumbrae. Ailsa Craig markerer om lag halvvegen til Nord-Irland, som stundom er mogeleg å sjå i særs gode sikttilhøve.
Millport er den einaste byen på øya, og ligg i bukta på sørsida. Øya hadde i 2001 1434 innbyggjarar, men talet aukar kraftig om sommaren på grunn av dei mange turistane som ferierer her. Det er hovudsakleg bønder som eig landjorda på øya.