Gordon James Beck (16. september 1936–6. november 2011[1]) var ein engelsk jazzpianist og komponist. Då han døydde hadde han gjeve ut 26 album under sitt eige namn.[2]
Beck vart profesjonell musikar i 1960.[2] Beck vart med i gruppa til Tubby Hayes i 1962 i England.[2] Han leia sine eigne band frå 1965, inkludert Gyroscope, frå 1968, som var ein trio i lag med bassisten Jeff Clyne og trommeslagaren Tony Oxley. Beck spelte med songaren Helen Merrill første gongen i 1969 og fortsette med det inn i 1990-åra. Frå 1969 til 1972 turnerte han med saksofonisten Phil Woods sitt European Rhythm Machine. Beck spelte inn ti album med Woods.[2]
I 1960- og 1970-åra var han fast pianist i Ronnie Scott's Jazz Club.[3] Beck spelte òg «eksperimentell funk» i gruppa til den sveitsiske musikaren George Gruntz, Piano Conclave (1973-75), som bestod av seks klaverspelarar, og frijazz med John Stevens (1977, 1982).[3] Beck var medlem av Nucleus i 1973 og 1974.[3]
Han har òg spelt med Allan Holdsworth, Henri Texier, Didier Lockwood og andre.
Kjelder