God's Gonna Cut You Down

«God's Gonna Cut You Down», òg kjend som «Run On» og «Run On for a Long Time», er ei tradisjonell amerikansk folkevise som har blitt spelt av mange artistar innan ulike sjangrar.[1] Teksten åtvarar syndarar om at uansett kor hardt dei prøver, så vil dei ikkje unngå Guds dom. I refrenget fortel Gud forteljaren i songen :

« Go tell that long tongue liar,

go and tell that midnight rider,
tell the rambler, the gambler, the back biter,
tell 'em that God's gonna cut 'em down.

»

Den fyrste innspelinga av songen var av Golden Gate Quartet i 1946, og den fyrste utgjevinga var av The Jubalaires i 1947.[2] Songen har i løpet av åra blitt tilpassa mange forskjellige sjangrar som country, folk, gospel og techno. Som «God's Gonna Cut You Down» vart han framført av OdettaOdetta Sings Ballads and Blues (1956) og Johnny Cash gav han ut posthumt på American V: A Hundred Highways (2006). Som «Run On» er han blitt spelt inn av mange andre, som Elvis Presley. Ein versjon med sampla vokal av Bill Landford & The Landfordairs vart med på Moby-albumet Play.[3] Songen er òg blitt spelt av mange andre artistar.

Moby-versjonen

Run On
av Moby med Bill Landford & The Landfordairs
frå albumet Play
B-side

«Spirit», «Running», «Sunday», «Down Slow (full length)»

Lengd 4:24 (Extended)

3:55 (Extended 12-inch) 3:45 (LP Version) 3:33 (Single Version) 3:09 (Radio Edit)

Låtskrivar(ar) Tradisjonell
Produsent Moby
Moby med Bill Landford & The Landfordairs-kronologi 
«Honey»
(1998)
Run On «Bodyrock»
(1999)


Electronica-musikaren Moby gav ut «Run On» som den andre singelen sin frå studioalbum Play.

I USA vart «Run On» gjeven ut som ei dobbel dobbel A-side med «Honey».

Vokalen er henta frå ei innspeling frå 1949 av «Run On For A Long Time» av Bill Landford and the Landfordairs,[4][5] og består av ei blanding av house og instrumentalmusikk.

Innhald

UK CD #1 (Mute Records CDMUTE221)

  1. «Run On»
  2. «Spirit»
  3. «Running»

UK CD #2 (Mute Records LCDMUTE221)

  1. «Run On (Extended)»
  2. «Sunday»
  3. «Down Slow (Full Length)»

US CD (V2 Records 63881-27583-2)

  1. «Honey (Album Mix)»
  2. «Honey (Moby's 118 Mix)»
  3. «Honey (Sharam Jey's Sweet Honey Mix)»
  4. «Honey (Aphrodite & Mickey Finn Mix)»
  5. «Run On (Extended)»
  6. «Run On (Moby's Young And Funky Mix)»
  7. «Run On (Sharam Jey's Always On The Run Remix)»
  8. «Memory Gospel»

UK 12-inch (Mute Records 12MUTE221)

Side One

  1. «Run On (Moby's Young & Funky Mix)»

Side Two

  1. «Run On (Dave Clarke Mix)»
  2. «Run On (Extended)»

Musikkvideo

Mike Mills regisserte ein video som syner Moby som arbeider på eit kontor der alle går kledd i kvitt. Det viser seg seinare i videoen at kontoret Moby arbeider på er i himmelen, og vert avslutta med at Moby døyr på ein parkeringsplass.

Johnny Cash-versjonen

God's Gonna Cut You Down
av Johnny Cash
frå albumet American V: A Hundred Highways
Utgjeve 4. juli 2006
Innspelt 2003
Sjanger Country[6]
Lengd 2:38
Selskap American Recordings
Lost Highway Records
Låtskrivar(ar) Tradisjonell
Produsent Rick Rubin
Johnny Cash-kronologi 
«Hurt»
(2006)
God's Gonna Cut You Down «Help Me»
(2007)


Johnny Cash spelte inn ein versjon av «God's Gonna Cut You Down» for American V: A Hundred Highways i 2003, med eit arrangement som er ganske annleis andre kjende gospelversjonar av songen. I januar 2016 hadde songen seld 672 000 eksemplar i USA.[7]

Ein musikkvideo regissert av Tony Kaye,[8] vart laga for denne versjonen seint i 2006, tre år etter Cash døydde. Videoen vart filma i svartkvitt og syner mange kjendisar: David Allan Coe, Patricia Arquette, Travis Barker, Peter Blake, Bono, Sheryl Crow, Johnny Depp, Dixie Chicks, Flea, Billy Gibbons, Whoopi Goldberg, Woody Harrelson, Dennis Hopper, Terrence Howard, Jay Z, Mick Jones, Kid Rock, Anthony Kiedis, Kris Kristofferson, Amy Lee, Adam Levine, Shelby Lynne, Chris Martin, Kate Moss, Graham Nash, Iggy Pop, Lisa Marie Presley, Q-Tip, Corinne Bailey Rae, Keith Richards, Chris Rock, Rick Rubin, Patti Smith, Sharon Stone, Justin Timberlake, Kanye West, Brian Wilson og Owen Wilson.[9]

I TV-serien Gotham kan ein høyre denne versjonen av songen i byrjinga av ein episode.[10] Han vert òg nytta i TV-serien The Blacklist.

Innspelingar

Plassering

Moby-versjonen

Liste (1999) Plassering
UK Singles Chart 33

Johnny Cash-versjonen

Liste (2006) Plassering
UK Singles Chart 77

Kjelder

  1. Butkewicz, Niholas (22. juli 2013). «Johnny Cash and the Many Versions of 'God's Gonna Cut You Down'». No Depression: A Journal of Roots Music. Henta 6. november 2019. 
  2. «Cover versions of God's Gonna Cut You Down by Golden Gate Quartet». secondhandsongs.com. Henta 30. oktober 2019. 
  3. «Run on for a Long Time by Bill Landford and The Landfordaires». WhoSampled. Henta 6. november 2019. 
  4. «COLUMBIA 30000-series 78rpm numerical discography», www.78discography.com, henta 19. februar 2023 
  5. «Roots Vinyl Guide», www.rootsvinylguide.com, henta 19. februar 2023 
  6. 9 MLB ALL-STARS & THEIR COUNTRY MUSIC WALK-UP SONGS Whiskey Riff. Henta 5. desember 2016]
  7. Bjorke, Matt (25. januar 2016). «The Top 30 Digital Country Singles: 25. januar 2016». Roughstock. 
  8. Moviefone - Tony Kaye No Longer Just History
  9. Johnny Cash: God's Gonna Cut You Down (Video 2006) - Full Cast & Crew - IMDb
  10. Abrams, Simon (19 January 2015). «Gotham Recap: Finally, a Decent Episode!». Vulture. Henta 22 January 2015. 

Bakgrunnsstoff

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!