Girolamo Frescobaldi (1583 –1. mars 1643 ) var ein italiensk komponist og musikar . Han var ein av dei viktigaste komponistane for klaviaturinstrument i renessansen og tidleg barokk . Frå 1608 til han døydde var han organist i Peterskyrkja i Roma.
«Kyrie della Domenica» frå Fiori Musicali av Frescobaldi.
Det mest kjende verket hans er Fiori Musicali (1635) - 'Musikalske blomar', orgelmusikk til bruk i messa . Johann Sebastian Bach hadde ein kopi av dette verket.
Johann Jakob Froberger (1616-1667) var elev av Frescobaldi.
Louis Couperin , Georg Böhm , Dietrich Buxtehude , Johann Sebastian Bach og Johann Pachelbel er komponistar som gjennom Froberger har vorte påverka av Frescobaldi. Påverknaden går heilt til vår eiga tid, György Ligeti (1926-2006) skreiv i 1951 ein ricercar han kalla Ommagio a Girolamo Frescobaldi .
Bakgrunnsstoff