Gerard Dou eller Gerrit Dou (7. april1613–9. februar1675) var ein nederlandsksjangermålar i barokken. Grunna sin lidenskap for noggranne detaljar og sin fullenda teknikk, vert han rekna som grunnleggjaren av finmålinga (miniatyrmåleri) i Leiden, ein tradisjon som heldt seg i byen langt inn i det 18. hundreåret. Dou var både fødd og døydde i Leiden.
Liv
Dou var lærling hos faren, glasmålaren Douwe Janszoon. Frå 1624 gjekk han i lære hos Bartholomeus Dolendo, deretter i to år hos Pieter Couwenhorn og 1628-31 hos Rembrandt. Dou tok etter Rembrandts tidlege måte å måle på, og meisters behandling av chiaroscuro.
Inspirert av François Duquesnois plasserte Dou gjerne modellen i ei vindaugsopning smykka med relieff. Slik vart den avbilda personen framsynt i fullt dagslys, medan bakgrunnen, interiøret var innsveipt i eit dunkelt lys. Dette gjorde Dou både i sjølvportrett og i øvrige verk.
Frå 1632 arbeidde Dou sjølvstendig i Leiden. Etter 1640 var han særleg kjend for gode sjangerbilete i miniatyrformat. Scenene går for det meste føre seg i mørke og tronge rom. Gjennom heile livet heldt Dou fram med å avbilde både folk og dei minste hendingar med spiss pensel og ein miniatyrprega måte å måle på. I 1648 vart han medlem av Sint-Lucasgildet i Leiden, og var ein berømt målar i samtida.
Dou utvikla, trass si tidkrevjande finmåling, ein overraskande produktivitet som gjer at han er representert i mange museum. Ca. 200 verk av Dou er kjende. Dei viktigaste verka er no i Rijksmuseum i Amsterdam, Louvre i Paris og National Gallery i London.