George Francis Fitzgerald (3. august 1851–22. februar 1901) var ein irsk fysikar.
Frå 1881 var han professor i Dublin. Fitzgerald er kjent for arbeid innan elektrodynamikken. Han framsette i 1893 hypotesen om at ein lekam i rørsle blir forkorta i rørsleretninga og forklarte med det Michelson-eksperimentet. Hypotesen var allereie 10 år tidlegare framsett av Hendrik Lorentz, og fenomenet, som er i samsvar med relativitetsteorien, blir difor kalla Lorentz–Fitzgerald-kontraksjon eller berre Lorentz-kontraksjon.
Kjelder
Bakgrunnsstoff