George John Dufek (10. februar 1903–10. februar 1977)[1]) var ein marineoffiser, flygar og polarutforskar frå USA. Han tenestegjorde i andre verdskrigen og Koreakrigen og var mykje av karrieren sin i Antarktis – først med Richard E. Byrd i 1940-åra og seinare som leiar av amerikanske operasjonar i Antarktis.
Militær karriere
Dufek byrja på U.S. Naval Academy i Annapolis i Maryland i 1921. Etter uteksaminering i 1925 starta han karrieren sin om bord på slagskipet USS «Maryland». I 1932–33 gjennomførte han flygartrening ved Naval Air Station Pensacola i Florida og tenestegjorde så som navigatør og nestkommanderande på tre ulike marinefartøy.
Under andre verdskrigen leia Dufek ein flygetreningsskvadron, tenestegjorde som senior marineflygar i Algerie under invasjonen i Nord-Afrika og deltok under planlegginga av invasjonane på Sicilia og ved Salerno. Etter forfremming til kaptein deltok han i planlegginga av invasjonen i Sør-Frankrike. I september 1944 overtok han kommandoen av eskortehangarskipet USS «Bogue» som senka den siste tyske ubåten som gjekk tapt i andre verdskrigen.
Under Koreakrigen plasserte marinen Dufek som sjef på hangarskipet USS «Antietam», deretter på Kwajalein i Stillehavet og endeleg ved Naval Air Station Whidbey Island i Oak Harbor i Washington.
Antarktisutforsking
Med Richard E. Byrd
Våren 1939 søkte Dufek, på dette tidspunktet som løytnant, om deltaking på den tredje ekspedisjonen til kontreadmiral Richard E. Byrd til Antarktis, noko han fekk innvilga. Han tenestegjorde som navigatør på USS «Bear», flaggskipet til ekspedisjonen.
Operasjon Highjump
Etter eit kort opphald i Japan etter krigen, vart Dufek utpeikt til å leie eit oppdrag for United States Coast Guard med å etablere vêrstasjonar i polarregionane. Medan han var i Antarktis deltok han i Operasjon Highjump, ein marineekspedisjon under leiing av admiral Byrd. Han gjennomførte den første flyginga til Thurston Island og berga seinare seks overlevande frå ei annan flyging over det same området. Han vende tilbake til Washington D.C. for ein kort periode, men i 1947 var han tilbake i Antarktis – denne gongen som leiar av ein ekspedisjon som vart send for å forsyne vêrstasjonane og etablere nye stasjonar nær Sørpolen.
Operasjon Deep Freeze
I 1954 vart Dufek med i ei gruppe som skulle planleggje marinen sin Operasjon Deep Freeze, ein vitskapleg forskingsekspedisjon til Antarktis. Då planlegginga var ferdig vart Dufek utpeikt til leiar for Task Force 43 som, med meir enn 80 offiserar og 1000 soldatar, tre isbrytarar og tre lasteskip, var ansvarleg for logistikkstøtte til ekspedisjonen.
Task Force 43 etablerte òg basar på Rossøya og Rossbarrieren (Little America), og 31. oktober 1956[2] vart admiral Dufek og ei besetning på seks[3] dei første amerikanarane som nådde Sørpolen, og dei første som nådde polen luftvegen. Den 28. november 1957 var Dufek tilstades saman med ein delegasjon frå den amerikanske kongressen under eit kommandørbytte ved McMurdo Sound.
Han døydde på sin 74-årsdag i 1977.
Utmerkingar og heidrar
Blant dei talrike utmerkingane og prisane han mottok var Legion of Merit med to gulstjerner, World War II Victory Medal, Korean Service Medal og Croix de guerre. Han var riddar av Æreslegionen, og i august 1957 mottok han Navy Distinguished Service Medal. Som heider for dei mange timane hans med kartleggingsflygningar over det antarktiske kontinentet under Den tredje ekspedisjonen til Byrd mottok Dufek United States Antarctic Expedition Medal.
Dufek Coast, Dufek Head, Dufek Massif og Dufekfjellet i Antarktis er kalla opp etter han.
Bibliografi
Bøker av George John Dufek:
Kjelder
Bakgrunnsstoff