Georg Faehlmann (17. september 1895–8. mars 1975 i Bad Schwartau i det dåverande Vesttyskland) var ein estisk seglar som var med i dei olympiske leikane i 1928 i Amsterdam.
Faehlmann vann ein olympisk bronsemedalje i segling under sommar-OL 1928 i Amsterdam. Han var med på den estiske båten «Tutti V» som kom på tredje plass i 6 meter-klassen, bak den norske båten «Norna» og «Hi-Hi» frå Danmark. Mannskapet på «Tutti V» var Nikolai Vekšin, William von Wirén, Eberhard Vogdt og brørne Georg og Andreas Faehlmann. Seglasane vart gjennomførte på Zuiderzee i perioden 2. til 9. august 1928.
OL-medaljar