Arten er utbreidd i Europa frå midt i Fennoskandia til Nordvest-Afrika i vest, i aust til Ural, og til Litleasia og Midtausten i søraust. Fem underartar er skildra, og i Nord-Europa lever nominatunderarten atricapilla. Bestandane i nord og aust er trekkfuglar, fuglane i sør er berre delvis trekkfuglar. Fuglane i vest overvintar på den iberiske halvøya og i det sørlege Frankrike, medan dei i aust overvintrar på Kypros og kysten av Litleasia. Det er slik at fuglane som hekkar lengst nord overvintrar lengst sør.
I Europa reknar ein bestanden til 25-49 millionar par. I Fennoskandia har bestanden auka, og også lengre sør ser det ut til å ha vore ein auke dei siste tiåra.
Biotop og utbreiing i Noreg
Munken trivst best i lauvskog eller frodig kratt, sjølv om han også er å finne i blandingsskog. Arten er mest talrik i Sør-Noreg til og med Trøndelag, men kan også finnast på gode lokalitetar i Nord-Noreg.
Næring
Føda er insekt og andre smådyr. I trekktida òg bær.
Hekking
Hoa legg 5 egg i siste del av mai eller juni. Begge kjønn rugar i 14 dagar. Ungane blir i reiret 11 dagar.
Trekkvanar
Hausttrekket startar i august, og norske fuglar finn vegen til begge overvintringsområda, både det i søraust og det i sørvest. Nokre fuglar overvintrar i Noreg. Ein del av desse er ungfuglar frå den kontinentale bestanden, som i større grad ikkje trekker, men spreier seg i fleire retningar.
Dei første fuglane flyg frå vinterkvartera i februar/mars, og kjem til Noreg i mai, lengst sør i landet kanskje allereie i april.