Fry jacks eller fryjacks er ein tradisjonell matrett frå Belize. Dei er laga av frityrsteiktedeigbitar som kan ha form som rundingar eller trikantar. Under steikinga bles dei seg gjerne opp og dannar eit holrom i midten.[1]
Fry jacks blir ofte serverte til frukost saman med til dømes egg og bønner. Dei kan også bli til ein søt rett med sukker eller honning og krydder som kanel.[2]
Ein kan ha ulike typar fyll i holrommet.[2] Nokre gonger kan ein også steika dei med fyllet inni.[3]
Det finst liknande matrettar som poori frå Sør-Asia, beignet frå franskpåverka område, sopapilla i spanskpåverka område i Amerika, eller ganske enkelt som steikt deig fleire stader.[4]
Typiske ingrediensar er mjøl, feitt, salt, bakepulver og vatn. Deigen blir delt i passande bitar og frityrsteikt i ei gryte eller djup panne.[2]