«Free Bird» eller «Freebird» er ein powerballade av det amerikanske rockebandet Lynyrd Skynyrd. Songen vart først gjeven ut på debutalbumet deira i 1973 og har vore med på fleire seinare konsert- og samlealbum, inkludert ein versjon som ikkje tonar ut (på Skynyrd's Innyrds).
Songen vart gjeven ut på singel i november 1974 og nådde 19. plassen på Billboard Hot 100 i januar 1975[1]
Ein konsertversjon av songen gjekk inn på listene seint i 1976,[2]
og nådde til slutt 38. plassen på lista i januar 1977.[3]
Gitarsoloen i «Free Bird» vart av Guitar World rangert som den tredje beste gjennom tidene.[4]
Songen vert rekna som signaturlåten til Lynyrd Skynyrd og vert nytta som avslutningssong på konsertane deira. Det er den lengste songen deira og har ofte strekt seg opp mot 15 minuttar.[5]
Mottaing
«Free Bird» er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll og er rangert på 193. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. I 2009 vart han rangert som den 26. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[6]