Då kong Jakob V av Skottland døydde var dottera hans Maria Stuart, det einaste barnet hans som var fødd innanfor ekteskap, seks dagar gammal. Ho blei krona til dronning av Skottland ved Stirling Castle den 9. september 1543, då ho var ni månader gammal. Ekteskapet mellom Maria Stuart og Frans, som var dauphin (tronarving) i Frankrike, blei arrangert av kong Henrik II av Frankrike i 1548 då Frans var berre fire år gammal. Etter at ekteskapsavtala var blitt formelt stadfesta, blei den seks år gamle Maria send til Frankrike for å veksa opp ved det franske hoffet fram til ho var gammal nok til å bli gift.
Sjølv om Maria Stuart var høg for alderen og snakka fransk flytande, medan Frans var unormalt liten og stamma, skal kong Henrik II ha kommentert at «frå den aller fyrste dagen dei møttest har sonen min og ho gått svært godt saman, som om dei hadde kjent kvarandre i lang tid».[2]
24. april 1558 vart den 14 år gamle tronarvingen gift med skottedronninga i eit giftarmål som ville gje dei framtidige kongane av Frankrike den skotske trona, og gjennom dette også eit krav på den engelske trona, sidan kong Henrik VII av England var oldefaren til Maria. Men ekteparet fekk ikkje nokre barn i løpet av det kortvarige samlivet sitt. Grunnane kan vera fleire, mellom anna den unge alderen deira, den dårlege helsa til Frans eller at han ikkje hadde nedsokne testiklar.[3]
Konge av Frankrike
Eit år etter at Frans var gift døydde faren. Berre femten år gammal blei Frans så krona til konge av Frankrike ved Reims. Kongekrona var så tung at adelen måtte halda han på plass for han.[4] Mor hans, Katarina av Medici, blei utpeika som regent, men historikarane meiner at det var Maria sine onklar François de Guise og Charles de Guise som i røyndommen hadde den reelle makta i Frankrike på denne tida.
Frans II, som heile livet hadde vore sjukleg, døydde den 5. desember 1560 i Orléans i Loiret, seksten år gammal. Ein infeksjon i øyret hadde forverra seg og førte til ein byll (abscess) i hjernen. Han blei gravlagd i Klosterkyrkja Saint-Denis. Kona Maria vende tilbake til heimlandet sitt Skottland.
Frans blei etterfølgd som konge av bror sin, Karl IX (1550–1574).[5]
Kjelder
↑Rose, Hugh James; Henry John Rose & Thomas Wright: A new general biographical dictionary, Vol. 7, (London, 1857), side 436.
↑Guy, John: My Heart is my Own, London, Fourth Estate, 2004, ISBN 184115752X
↑Farquhar, Michael (2001): A Treasure of Royal Scandals: The Shocking True Stories History's Wickedest, Weirdest, Most Wanton Kings, Queens, Tsars, Popes, and Emperors, s. 81. Penguin Books, New York. ISBN 0739420259.