Frans Christian Faye (20. desember 1806–5. mai 1890) var ein norsk lækjar frå Tønsberg. Han var professor ved Det Kongelige Frederiks Universitet/Universitetet i Oslo og livlege til kong Oscar I.
Karriere
Etter han vart cand.med. i 1831 arbeidde Faye som koleralege i Finnmark til 1832. Sidan var han lege i hovudstaden til han reiste utanlands i 1838. I 1842 tok han doktorgraden i medisin som fjerdemann ved Universitetet i Christiania. Han studerte gynekologi og obstetrikk og vart i 1850 utnemnd til professor i barselvitskap, kvinne- og barnesjukdomar på det same universitetet. Samstundes fekk han leiarstillinga ved Fødselsstiftelsen og Jordmorskolen, ein posisjon han hadde til 1876.
Faye interesserte seg særleg for hygieniske spørsmål. Han tok initiativ i kampen mot barselfeber-epidemiane, stod mellom anna bak opprettinga av Barnehospitalet i Kristiania og Bergens Fødselsstiftelse med jordmorskulen der. Allereie i 1844 gav han ut Lærebog i Fødselsvidenskaben for Jordemødre, brukt i undervisning fleire tiår. Han studerte militær hygiene på Krim i 1854, tidlegare deltok han på Als som feltlege i den dansk-tyske krig 1848.
Faye var ein kraftfull og autoritær administrator som fekk plass i fleire offentlege kommisjonar. Til stiftinga av Videnskabsselskabet i Kristiania i 1856 gav han anonymt 4000 kroner til eit grunnfond for selskapet.
Kjelder