Focus II (meir kjend under den internasjonale tittelen Moving Waves) er det andre studioalbumet av det nederlandske progrockbandetFocus, utgjeve i oktober 1971 på Imperial Records. Etter at Martin Dresden og Hans Cleuver slutta i bandet i 1970, henta bandet inn Cyril Havermans på bass og Pierre van der Linden på trommer og byrja å arbeide på nye songar. Albumet inneheld «Hocus Pocus», den mest populære singelen til bandet, og «Eruption», eit 23 minuttar langt spor basert på operaen Euridice av Jacopo Peri.
Focus II fekk stort sett positiv omtale då det kom ut. Det er eit av dei bestseljande albuma til bandet og nådde andreplassen på UK Albums Chart og åttandeplassen på den amerikanske Billboard 200. «Hocus Pocus» kom ut som singel i 1971, men gjekk ikkje inn på lista før 1973 då han klatra til niandeplassen i USA[2] og 20. plassen i Storbritannia.[3] Albumet har seld til gullplate i USA.[4]
Utgjeving
Focus II kom ut i oktober 1971 til hovudsakleg positive meldingar. Det nådde andreplassen på den britiske albumlista,[5] åttandeplassen på den amerikanske Billboard 200,[6] og niandeplassen på Nederlandsk Topp 40.[7]
↑Berry, Peter E. Berry (1977). «... and the Hits Just Keep on Comin' » (1st utg.). Syracuse, N.Y.: Syracuse University Press. s. 170, 205. ISBN9780815601340.