Fjotland er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke, i dag ein del av Kvinesdal kommune. Fjotland var eigen kommune frå 1837 til 1840 og frå 1858 til 1963.
Kommunesoge
Fjotland herad vart fyrste gong oppretta ved innføringa av formannskapslovene i 1838. Alt tre år etter, i 1841, vart Fjotland innlemma i Kvinesdal kommune, og slik var det til Fjotland vart skild ut att frå Kvinesdal som eige herad i 1858. Ved andre skipinga budde det 1044 personar i heradet. Sidan det store kommunebrigdet i 1964 har Fjotland igjen vore del av Kvinesdal kommune. I denne nyaste kommunedanninga inngår også den tidlegare kommunen Feda.
Per Tang (1952). «Fjotland». I Arnulv Sudman. Norsk AllkunnebokIV. Oslo: Fonna Forlag. s. 470-471. [sidetalet viser til kolonnetal (to kolonnar pr. side)]