Columbia er ein kvinneleg personifikasjon av USA, danna som ei nylatinskfeminin form av etternamnet til Christopher Columbus. Skikkelsen har også blitt brukt som symbol på heile Amerika, på fridom og sjølvstende. Columbia er blitt brukt som namn på ei rekkje amerikanske stader, organisasjonar og anna.
Opphav
Den eldste bruken av namnet Columbia er kjend frå 1738,[1][2] då det blei brukt i ein britisk magasinartikkel som kommenterte ein utanriksdebatt i parlamentet. Ettersom det ikkje var lov å gje att slike debattar i avisene, blei nasjonane omtalte under andre namn i form av lett gjenkjennelege omskrivingar.
Edward Cave sitt The Gentleman's Magazine skreiv Reports of the Debates of the Senate of Lilliput med nokre namn tekne direkte frå Gulliver's Travels av Jonathan Swift (som Lillilput) og andre i klassisk eller neoklassisk stil.
«Columbia» viste då til europeiske koloniar i «den nye verda».[3]
Då den amerikanske sjølvstendekrigen braut ut i 1776 hadde omgrepet blitt til eit poetisk namn for Amerika, tilsvarande Britannia som symbol for Storbritannia. Det blei brukt ein del i dikt, til dømes i eit dikt skrive av Harvard-studentar frå 1761 i samband med giftarmålet og kroninga til kong Georg III:[4]
I 1798 skreiv Joseph Hopkinson ein tekst for Philip Phile sin «President's March» frå 1789 under den nye tittelen «Hail, Columbia». Dette blei ei stund brukt som de facto nasjonalsong for USA, og er no offisiell inngangssong for visepresidenten i USA.
Rundt 1920 byrja framstillingar av Fridomsgudinna å fortrenga Columbia som symbol på USA. Figurane har ein del likskapar, og er begge blitt kalla [Lady] Liberty.[6]
Sjå òg
Uncle Sam, den mannlege personifikasjonen av USA, populær sidan 1800-talet