Europameisterskapen på skeiser 1951
Europameisterskapen på skeiser 1951 vart avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 27. og 28. januar 1951. Einast 16 utøvarar frå 5 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg. Dei norske utøvarane var Hjalmar Andersen, Sverre Haugli, Henry Wahl og Roald Aas. Deltakarane elles kom frå Finland, Nederland, Storbritannia, Sverige.
Tittelforsvarar Hjalmar Andersen vart europameister, over 3,5 tidspoeng føre nederlendaren Wim van der Voort, norske Henry Wahl kom på tredjeplass. Om laurdagen vann Hjallis Andersen både 500 meter og 5000 m, sundagen sigra Wim van der Voort på 1500 m. I siste par på 10 000 m fall Andersen etter vel 4000 m og øydela ei skeise. Fallet kom etter ein blitzlampe på indre bane vart utløyst og blenda løparen på veg inn i svingen. Andersen fekk høve til å gå eit nytt milløp, eit løp som enda med at han fekk bestetid på distansen.
Skeise-EM 1951
Dato: 27./28. januar 1951
500 meter
5 000 meter
1500 meter
10 000 meter
Kjelder
|
|