Prins Eugene av Savoie (fødd François Eugène, 18. oktober1663–21. april1736) var ein av dei mest suksessrike offiserane i moderne europeisk historie, og steig i gradene til dei høgaste embeta i staten til keisarhoffet i Wien. Han var fødd i Paris av aristokratiske foreldre frå Savoie, og voks opp kring det franske hoffet til kong Ludvig XIV. Basert på den dårlege fysikken og haldninga hans, var prinsen opphavleg førebudd på ein karriere i kyrkja, men 19 år gammal hadde han bestemt seg for ein militærkarriere. Ludvig XIV ville ikkje at han skulle tene i den franske hæren, så Eugene flytta til Austerrike og vart lojal mot Habsburgmonarkiet.
Seint i 1720-åra sikra påverknaden og det dyktige diplomatiet til Eugene keisaren mektige allierte i dei striden med Bourbon; men då han var fysisk og mentalt dårlegare på sine eldra dagar, hadde Eugene mindre suksess som øvstkommanderande for armeen i den siste krigen hans, den polske arvefølgjekrigen. Likevel vart det ingen som kunne måle seg i Austerrike med Eugene. Sjølv om det finst forskjellige meiningar om Eugene som person, var det ikkje noko tvil om det han oppnådde. Han hjelpte å hindre Habsburgriket frå å verte erobra av Frankrike, han slo tilbake den vestlege åtaket til osmanarane, han frigjorde Sentral-Europa etter 150 år med tyrkisk okkupasjon, og han var ein av dei store kunstvernarane med bygg ein framleis kan sjå i Wien i dag. Eugene sovna stille inn i heimen sin den 21. april 1736, 72 år gammal.