«Et hus på landet» er ein singel av Eli Tanja og Jan Erik Berntsen, gjeven ut i 1972. Songen er skriven av Tor Arne Johnsen.[1]
«Et hus på landet» deltok i Melodi Grand Prix 1972, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1972 i Edinburgh i Storbritannia. Songen vart framført på norsk av Eli Tanja med eit lite orkester, og så på nytt av Jan Erik Berntsen med eit stort orkester. Bidraget enda på femte- og sisteplass med 30 poeng.[2][3]
Fotnotar