Erling Rønneberg (fødd 9. september 1923 i Ålesund, daud 8. juli 2008 i Ski) var ein norsk motstandsmann og Secret Intelligence Service under andre verdskrigen.
Av utdanning var han lektor. Han var lokalpolitikar for Arbeidarpartiet og vart rådmann i Ski kommune. Han var ordførar i Ski kommune frå 1958 til 1963.
Bakgrunn
Farfar var Joachim Holmboe Rønneberg. Broren Joachim Rønneberg var medlem i kompani Linge.
Under andre verdskrigen
I Ålesund var han, i første del av krigen, med på å gi ut illegale aviser. Hausten 1943 var han i Oslo for å starte eit illegalt studentblad, Vi studerer. Der i frå måtte han røme. Han kom seg til Sverige via Ålesund og Korgen i Nordland. Frå Sverige vart han henta til Storbritannia. Der fekk han opplæring som radiotelegrafist i Secret Intelligence Service. Frå september 1944 til februar 1945 opererte han SIS radiostasjonen Haga, på Torholmen nord for Ålesund.
Erling Rønneberg fekk i oppdrag, saman med Karsten Devold, å etablerere ein ny sendar, ved Rjåneset i Ørsta Der hadde dei oversikt over skipsleia i Vartdalsfjorden, og andre fjordar på Søre Sunnmøre.
14. april 1945 var radiostasjonen Turid i drift. Men alt 20. april vart stasjonen teken. Rønneberg fekk store skotskadar. Han vart halden fanga på sjukehuset i Ålesund til krigen var slutt.[1]
Etter krigen
I 1949 tok Rønneberg eksamen i økonomi frå Cambridge. Han kom til Ski kommune i 1950 som lektor på Sørmarka folkehøgskule, der han seinere òg vart rektor.
Frå 1964 vart han den første rådmannen i Ski kommune. Denne stillinga hadde han i 27 år og la i denne perioden fram i alt 21 179 sakar til politisk handsaming i formannskap og kommunestyre. Dette var ein ekspansiv periode for Ski kommune, og innbyggjartalet vart fordobla.
Han var ordførar i Ski kommune frå 1958 til 1963.
Som pensjonist brukte Rønneberg mykje tid på lokalhistorisk arbeid, og han formidla opplevingar frå andre verdskrigen, der han deltok aktivt i motstandskampen, til ungdom i kommunen. For dette arbeidet fekk han kulturprisen til Ski kommune i 1999.
Utmerkingar
For innsatsen sin under andre verdskrigeb vart Rønneberg tildelt St. Olavsmedaljen med eikegrein og den britiske King's Medal for Courage in the Cause of Freedom.[2]
Erling Rønneberg fekk Ski kommune sin kulturpris i 1999.
Kjelder
- ↑ En spion kom inn fra havet. Stiftelsen norsk Okkupasjonshistorie. 2014
- ↑ «Erling Rønneberg», Aftenposten, 9. september 1983, s. 9.
- Georg Stub: Nekrolog i Aftenposten kultur 17. juli 2008 side 13
Litteratur