Michael E. Brown, M. A. van Dam, A. H. Bouchez, D. Le Mignant, R. D. Campbell, J. C. Y. Chin, A. Conrad, S. K. Hartman, E. M. Johansson, R. E. Lafon, D. L. Rabinowitz, P. J. Stomski Jr., D. M. Summers, C. A. Trujillo, and P. L. Wizinowich[1]
Satellitten er omrent 60 gongar svakare enn Eris i lysstyrke, og diameteren er estimert til å vera mindre enn 150 km. Kombinerte observasjonar av Keck Og Hubble vart brukte til å finna ein øvre masse til månen og baneparametrar. Omløpstida er estimert til 15,774±0,002 døger. Observasjonane indikerer at banen til Dysnomia har ein avstand på 37,370±150 km ifrå Eris. Med desse tala vil massen til heile Eris-systemet vera ca. 1,27 gongar massen til Pluto.
Danninga
Astronomane kjenner no til at tre av dei fire lysaste Kuperbelte-objekta har satellittar, medan berre 10 % av dei mørkare objekta har. Dette kan tyda at kollisjonar mellom store KBOar var vanlege i det tidlegare solsystemet. Kollisjonar mellom objekt 1000 km i diameter eller større resultererer i at store mengder materiale vert kasta av objekta, og denne massen vil etter kvart samla seg og danna ein ny måne; mykje likt korleis månen til jorda vart danna.